Dei fleste linjedagane er du i øvingslokala, i studio eller på scena. Her kan du utvikle deg på det du allereie er god på. Om gitar er hovudinstrumentet ditt, er det likevel ikkje usannsynleg at du sit bak trommesettet på huskonsertar og jamsessions.
Du vil få lære meir om låtskriving, opptak og miksing. Instrument, Mac’ar og Logic står til fri bruk. På Norges kanskje mest aktive musikklinje får du likevel enda meir. På go’versdagar blir du gira av kajakk, Via Ferrata, RIB, grottevandring, surfing og klatring. I London og i Sør-Europa får du ulike workshops, musikalar og konsertar. Dette er eit halvår der musikk vert miksa med dei beste friluftslivsaktivitetane Sunnmøre har å by på.
Fortsatt nysgjerrig? Les meir om linja her.
Det meste av det beste:
Studietur til London | Interrail | Huskonsertar | Friluft.Sunnmøre | Studioarbeid | Låtproduksjon | Jamsessions | Loop pedal | Rytmelære/høyrelære | Låtskriving | Band | Samspel | Sangteknikk | Kor/vokalgruppe | Besifring piano/gitar | Surfing | Toppturar | Klatring | Kajakk
Info om halvårskurset:
For mange kan det vere vanskeleg å få til eit heilt år på folkehøgskule, enten på grunn av militærteneste, studiar eller jobb. Då kan eit halvårskurs vere ei glimrande løysing. Det er lenge nok til at du blir kjent med elevane og kjem inn i det sosiale miljøet.
Sidan studieturen ligg på hausten, er prisen høgare på haust enn vår. Då er det greitt å vite at du får støtte frå Lånekassen.
Sjekk ut YouTube-kanalen
Sjekk ut skulebrosjyra på nett