Dei fleste linjedagane er du i øvingslokala, i studio eller på scena. Her kan du utvikle deg på det du allereie er god på. Om gitar er hovudinstrumentet ditt, er det likevel ikkje usannsynleg at du sit bak trommesettet på huskonsertar og jamsessions.
Du lærer meir om låtskriving, samspel, arrangering, opptak og miksing. Instrument, Mac’ar og Logic står til fri bruk. Når låta di er spelt inn, er det tid for musikkvideo. På skulen sin musikal i kulturhuset for 2500 tilhøyrarar kan du stå på scena, spele i band eller jobbe med lyd/lys. Du får også konsertar, artistmøter og tilbud om sangpedagog.
På Norges kanskje mest aktive musikklinje får du likevel enda meir. På go’versdagar blir du gira av kajakk, ski, surfing, klatring, grottevandring, Via Ferrata, RIB og vannsport. På studieturen til London får du ulike workshops, musikalar og konsertar før du reiser rett videre på interrail gjennom ulike land i Sør-Europa.
Dette er eit år der musikk vert miksa med dei beste friluftslivsaktivitetane Sunnmøre har å by på.
Fortsatt nysgjerrig? Les meir om linja her.
Det meste av det beste:
Studietur London | Interrail Europa | Huskonsertar | Musikal | Studioarbeid | Låtproduksjon | Jamsessions | Loop pedal | Rytme-/høyrelære | Låtskriving | Band | Musikkvideo | Samspel | Sangteknikk | Kor/vokalgruppe | Besifring piano/gitar | Surfing | Toppturar | Ski/brett | Grottevandring | Klatring | Kajakk | Via Ferrata | RIB | Vannsport | Hengekøyecamp
Sjekk ut skulebrosjyra på nett
Sjekk ut YouTube-kanalen