

Multisport - vår 2026
- Sunnmøre Folkehøgskule – Ulsteinvik
- Telephone: 7000 9600
- E-mail: post@sufh.no
- Course length: Halvår — vår
- Start-up date: 05.01.2026
- Course teaching amount: 30 hours/week
- Price: from 65 500,-
- Location: Ulsteinvik
Du ferdast i mektige Sunnmørsalpar, klatrer Bladet i Molladalen og jaktar puddersnø og urørte fjellsider i kvasse vestlandfjell. Du måler krefter med storhavet på eit surfebrett i Hoddevika eller på vannski bak ein RIB-båt med 300 hk inn vakre Hjørundfjorden. Du går Via Ferrata, sykler opp Trollstigen og køyrer snøscooter.
Rundt leirbålet på kvelden finn du ei eiga ro og deler dagens oppturar med gode klassekameratar. Middagen lager du på bålet og du sovnar mett, sliten og tilfreds i hengekøya under ein open stjernehimmel. I morgon ventar ein ny fullspekka dag!
På fritida har du tilgong til eit stort treningssenter 50m frå skulen. Dette, og byens badeland og klatrehall, kan du bruke så mykje du vil for 250 kroner for eit halvt skuleår.
Fortsatt nysgjerrig? Les meir om linja her.
Linjeinnhald
Strandafjellet Skisenter | Surfing i Hoddevika | «Oppdrag Hjørundfjorden» | Klatring (bratt kort) | Elv-/grotteklatring | Terrengsykling | Toppturar | «Pudderjakt» | Via Ferrata | Skredkurs | Sunnmørsalpane | Vannski/kajakk/fridykking |Snøholetur | Snøskuter | Curling | RIB-turar | Grottevandring | Sykkel Trollstigen
Info om halvårskurs
For mange kan det vere vanskeleg å få til eit heilt år på folkehøgskule, enten på grunn av militærteneste, lærlingplass, studiar eller jobb. Då kan eit halvårskurs vere ei glimrande løysing. Det er også greitt å vite at du får støtte frå Lånekassen til eit halvårskurs.
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
I mars flyttar vi heile skulen til fjells på jakt etter laussnø. For mange er dette eit stort høgdepunkt. På dagtid køyrer vi ski eller snowboard og legg gjerne inn ei langrennsøkt. På kveldstid ventar det god mat og like god underhaldning. Dette er ei veke som dessverre er over så alt for fort!
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Dei beste fellesopplevingane kjem ofte når vi er på tur saman. Difor har vi tilsaman 14 dagar på fellesturar.
Vi startar året med ein opningstur i Sunnmørsalpane. I løpet av året har vi også turar til Ålesund og fuglefjellet på Runde. I mars har vi ei skiveke på Bjorli, før året avsluttast med ein tur til opplevingsgarden «Hakallegarden». Her fyller vi dagane med seminar, dyrestell, cowboyfest, liveband, BBQ og fjellturar. Vi trur du vil like det.
The school has the YMCA-Mission and Christian anthropology as basis for the teaching. Our main subjects are: * Sport.Ballplay * Outdoor life (Multisport) * Water & ski * Music *Golf. You can travel to Ulsteinvik by airplane, bus and boat.