Tanzania byr på sterke kontrastar. Du møter menneske som slåss mot ekstrem fattigdom for å gje barn og unge framtid og håp. Du får også bade i turkisfarga hav og oppleve safari i solnedgang blant løver og giraffar.
I Sør-Afrika går du i fotspora til Nelson Mandela. Du besøker Soweto, Pietermaritzburg, Durban og Cape Town. Du lærer om utfordringane Sør-Afrika har etter Apartheid. Om du vil, kan du surfe, hoppe i strikk frå Soweto Towers og hoppe i fallskjerm.
I Midtausten møter du menneske som lever med konsekvensane av krig og okkupasjon. Om reisa går til Jordan eller Palestina eller begge, er avhengig av den politiske situasjonen. På turen badar du i Dødehavet, besøker Petra, nyt det arabiske storybylivet, rir på kamel og overnattar i ørkenen.
Heime i Norge får du det beste av folkehøgskulelivet, og det beste av naturen på Sunnmøre. Det vert eit år der du er mykje på tur. Likevel er kanskje den viktigaste reisa inni deg sjølv.
Fortsatt nysgjerrig? Les meir her.
Det meste av det beste:
Safari Mikumi National Park | Cape Town, Soweto, Durban & Pietermaritzburg | Robben Island | Petra, Amman, Wadi Rum, Dødehavet | Vertsfamilie | Møte med Masai, Beduin og Zulu | Guida turar | YWCA & YMCA | Globalt medborgarskap | Refleksjon & diskusjon | Runde Fyr | Havsauna | Loenvatnet | Via Ferrata Loen | Hengekøyetur | Kajakk | Ekstremsport i Sør-Afrika (individuell betaling)
Sjekk ut YouTube-kanalen
Sjekk ut skulebrosjyra på nett