På Alarm får du sjå korleis politiet gjer krimtekniske undersøkingar, du er med på søk og redning med Redningsskøyta, du lærer om frigjering av fastklemte i bilvrak og om skadestadleiing. Det blir trening i samband/kommunikasjon og møte med 110-sentralen og Politiets operasjonssentral.
Du kan ta brannmanntest og røykdykkarkurs som gjer at du kan få jobb som brannmann. Du får formell kompetanse innan klatring, padling og førstehjelp. Det blir badevaktkurs og båtførarprøva. Du får prøve deg på skytebane, tester fysikk og psyke på Sjøkrigsskolen og på ein fire døgn lang øvelse med lite mat og lite søvn.
Egypt har dykking i verdsklasse. I Sharm el Sheikh ved Rødehavet finn du Maldiviene-lignande strender og eit titalls dykkarspots med korallrev. Her får du dykkersertifikat.
Ein stor del av undervisninga går føre seg ute på storhavet og i friluft i kvasse Sunnmørsalpar der du overnattar i hytte, lavvo, hengekøye og under open himmel. Eit stort treningssenter er til disposisjon 50m frå skulen og her får du treningsprogram tilpassa fysiske opptakskrav.
Eigentleg er det berre å pakke sekken og gjere seg klar til å rykke ut!
Fortsatt nysgjerrig? Les meir om linja her.
Det meste av det beste
Dykking i Egypt | Sjøkrigsskolen | Redning | Røykdykking | Førstehjelp | Samband | Badevaktkurs | Skytebane | Klatring | Via Ferrata | RIB | Kajakk | Vannsport | Grottevandring | Surfing | Fridykking | Sunnmørsalpane | Strandafjellet Skisenter
Sjekk ut YouTube-kanalen
Sjekk ut skulebrosjyra på nett