Linja er to-delt, der ein får undervisning i både CrossFit og vektløfting. Vektinga mellom dei blir tilpassa kvar enkelt utøvar, ut frå mål, ynskje og behov.
Her på Sunnfjord er alle like mykje velkommen uansett nivå. Vi har profesjoenlle lærar, trenarar og tilsette som tar vare på deg heile døgnet. I CrossFit følgjer eit opplegg som planlegg for både nivå, ferdigheiter, utvikling og restitusjon. I vektløfting blir treningsopplegget skreddarsydd saman med vår dyktige trenar/lærar.
Fasilitetar
Skulen nyttar Spenst Førde sitt CrossFit-senter til undervising og linjertimar i CrossFit. Vektløftings-delen blir gjennomført både i Spenst Førde sitt vektløftingsrom og i Tambarskjelvar IL sin treningshall. I tillegg har vi eige treningsstudio og gymsal ved skulen.
Kva forventar vi av deg?
På Volleyball-linja forventar vi at du ønskjer å utvikle deg innan CrossFit og/ eller vektløfting. Det vert høg treningsbelastning og ein hektisk kvardag. Vi er ikkje opptatt av kva nivå du har i dag. Hos oss er alle velkomne uansett erfaring! Vi har profesjonelle trenarar som har lang erfaring med å tilpasse trening til ulike nivå. Iidrettsglede og meistring er sentralt i alt vi gjer.
"The Sunnfjord Spirit"
«The Sunnfjord Spirit» er ei kraft som vert skapt ved at vi står saman og dreg i same retning. På Sunnfjord er vi kvarandre sine tilhengarar. Vi heiar på kvarandre både på bana og i livet. «The Sunnfjordspirit» har avgjort mange jamne volleyballkampar!