The Christian folk high schools are built on Christian values. They are owned by, or associated with, Christian organizations or denominations. They encourage students with different interests and beliefs to apply.
Food: Vegetarian
Most schools will accommodate food allergies and other dietary needs. If you have questions, please contact the school directly.
Environmental certification:
Debio
•
Fairtrade
Location: Gloppen
Study tour for the course: Fjellskitur i Jotunheimen, Lofoten - ein eventyrleg opplevelse, Hundekøyring på vidda
Study tour for the school: Surfing i Hoddevika, Fyrvandring/kyst og kultur, Jaktveke i Høyanger, Fellestur Flåm, Finse og Aurland, Skiveke i Hemsedal, Majestetisk vandring på Stadlandet, Vintertur i Nordfjordfjella, Toppturveke, Valfrie prosjektveker, Ski på Sunnmøre, Vintertur med topptur
Vi skal verkeleg sjå det beste av Norge, difor oppsøker vi dei vakraste eventyra Norge har å by på. Vi plukkar kjente og mindre kjente områder med spektakulær natur og stort rom for opplevingar og friluftsaktivitetar.
Høgt og lågt i Lofoten (surfing, fiske og toppturer) 8 dagar
Skitur gjennom Breheimen og Jotunheimen 5 dagar Havkajakk i Nærøyfjorden 3 dagar
Breoppleving 2 dagar
Terrengsykling 2 dagar
Kystfriluftsliv og segling 3 dagar
Elvekajakk 2 dagar
Via Ferrata 1 dag
Hundekøyring om vinteren 3 dagar
Vandretur om hausten 3 dagar
Klatring 3 dagar
Toppturar haust og vinter 4 dagar
Kokelagstur 3 dagar
Førstehjelpskurs 2 dagar
Skredkurs 3 dagar
Felles snøholetur 3 dagar
Åleinenatt 2 dagar
Vestlandsfavoritter - felles skuletur til Flåm, Finse, Aurland og Utladalen 5 dagar
Skiveke i Hemsedal (fellestur) 5 dagar
Pilegrimsvandring 3 dagar
Fjellskitur i Jotunheimen
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 8 dagar
Meals included per day: 4
Jotunheimen byr på Noregs høgaste toppar. Eit mektig fjellområde fullt av postkortbasert utsikt. Med ski under beina og livet i ein pulk kjem vi til å bevege oss inn i denne majestetiske fjellheimen. 5 dagar på vandring der fellesskapet styrkast og naturen kjem tettare på.
Lofoten - ein eventyrleg opplevelse
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 8 dagar
Meals included per day: 4
Som ei pil strekker Lofoten seg ut i havgapet. Frå sine karakteristiske fjell finn du nydelig utsikt over kvasse tindar, lange strender og eit endelaust blått hav. Vi utforskar Lofoten, høgt og lågt, til fots, med fiskebåt og på surfebrett.
Hundekøyring på vidda
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 3 dagar
Med firbeinte hjelparar i spann utforskar vi dei vakre snødekte vidder. Så fort hundane sett fart, senkar stillheita seg og alt handlar om deg, hundane og fjellet. Ein annleis og befriande måte å oppleve naturen på.
Surfing i Hoddevika
Price: 3 000
Hoddevika byr på god surf, fantastisk natur og god stemning. Denne veka skal vi oppleve alt kva Hoddevika har å by på. I tillegg til mykje viking surf i friskt norsk hav skal vi lære meir om å lese bølgjevarsel, forstå korleis bølgjer dannast og kva for forhold me ynskjer. På kveldstid vert det god tid til å få att varmen under eit pledd i sofaen med gitar og sjarmerande allsong.
Fyrvandring/kyst og kultur
Price: 1 000
Kysten og havet er fylt av store kontrastar. Frå blikkstilt hav og sol i luggen til bølgesprut og storm i sydvesten. I dette landskapet har menneske levd i lange tider og etterlatt seg mykje kultur og historie. Denne veka skal me ut å sjå og bu i fyr langs kysten, gå turar, lage god mat og få oppleve noko av livet til fyrbøtarane.
Jaktveke i Høyanger
Price: 1 900
Jakt på hjort i godt terreng med mykje dyr. Vi bur i flotte jakthytter rett ved sjøen.
Ski på Sunnmøre
Price: 2 500
Vi drar til Sunnmøre og bor midt i smørøyet mellom topper, langrennsløyper og skitrekk. Strandafjellet ligger likeved, og blir det oppkjørt der, kan vi trekke til et mindre lokalt anlegg, Fjellsetra. Toppene når vi med feller under skia og er du mer opptatt av god glid, blir langrennsløypene stadig tråkket. Dette blir ei uke med god stemning og mulighet for å oppleve Sunnmøre på sitt beste. Vi håper pudderalarmen går!
Vintertur med topptur
Price: Included in course price
Vintertur kombinert med toppturar. To netter i telt (dei andre dagane bur du på skulen). Turområde blir i Gloppen eller i ei av nabokommunane. Det kan bli basecamp i Jølster med toppturar eller overnatting i Svatebotn ved Myklebustbreen og dersom vêrforholda tillet det, kan det blir tur på Snønipa.
Fellestur Flåm, Finse og Aurland
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 4 dagar
Meals included per day: 4
Det beste av Norge på fire dager. Med tog, buss og ikkje minst til fots.
Når haustfargane er på sitt vakraste reiser heile skulen på tur. Vi vil bygge felleskap og gode relasjonar i vakre omgjevnader. Først går turen til Flåmsbana. Ei av verdas vakraste og brattaste togreiser på normalspor. På Myrdal byter vi til ekspresstoget frå Bergen og går siden av på Finse. Her vert det servert middag på Finsehytta. Kveldssamling har vi under open himmel før vi finn telt og sovepose. Dag ein er over.
Blåisen på Hardangerjøkulen er turmål for dag to. Ein relativt enkel og flat tur nokre kilometer inn og ut att. Før tog og buss tek oss til Austerbø fjellstove. Denne dagen har vi god tid til å verte godt kjend og dei ulike bytta gjev ein god flyt på dagen. Om kvelden vert det servert middag og kveldssamling.
Aurlandsdalen er ei majestetisk oppleving som no står for tur. Ei god og lang vandring nedover dalen. Ville fossar, bratte stup og fjellgardar der ingen skulle tru at folk kunne bu. Dette er vestlandet på steroidar. Vi vandrar i lag og forhåpentligvis rekk vi ein god pause på Sinjarheim. I Vassbygdi ventar bussane som kjøyrer oss inn i neste ville dal, Utladalen.
Siste dag går vi inn Utladalen innst i Sognefjorden. Vi tek ein roleg tur til Vettisfossen og får sjå Norges høgste verna foss, med heile 275 meter fall. På Vettis gard er det fint å ta ein rast før vi vender snuten heimover. Betre kjend med Norge og med kvarandre.
Skiveke i Hemsedal
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 5 dagar
Meals included per day: 4
Tidleg i vintersesongen køyrer vi over fjellet til Hemsedal for å utvikle skiteknikken. Du vil få instruksjon på ditt nivå, anten du er heilt fersk eller har erfaring frå før. Med desse skidagane i beina ligg alt til rette for fantastiske toppturar og djupe pudderdagar resten av sesongen!
Majestetisk vandring på Stadlandet
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 3 dagar
Meals included per day: 4
Ei magisk vandring heilt ute ved havet, med storslått utsikt, er ei mektig oppleving. Vi går heile skulen, frå sandstranda, opp på toppane og kikkar ut på storhavet. Ein pilgrimsvandring, så langt vest du kjem, med folk du har blitt glade i og folk du har delt mange flotte opplevingar med. Den perfekte avslutninga på året.
Vintertur i Nordfjordfjella
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 3 dagar
Meals included per day: 4
Vi utnyttar vinterfjellet i bakgården og dreg saman på tur for å lære grunnleggande ferdigheiter som overnatting, ferdsel og trivsel i snøen. Du vil til dømes lære å lage snøhole, iglo og kantgrop, og du får overnatte i desse. Når mørket senkar seg og stjernehimmelen tittar fram, samlast vi rundt bålet for kveldssamling og hygge.
Toppturveke
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 3 dagar
Meals included per day: 4
Med høge fjell og djup snø er Vestlandet eit mekka for skientusiastar. Feller under skia gjer desse snødekte fjella tilgjengelige for leiken skikøyring. Me pakkar med oss telt for å kunne bu midt i smørauget, og det er her oppturen startar. Opp, opp, mot stadig flottare utsikt, før nedturen i djup pudder blir ein vel så stor opptur.
Valfrie prosjektveker
Mandatory: Nei
Price: Included in course price
Du får fordjupe deg i eit tema, ein aktivitet eller eit prosjekt, du kan kalle det ei valfagveke. Vi har prosjektveker i november, desember og mars. Du finn fullstendifg oversikt over alle prosjekta på vår eiga heimeside: https://friluftslivskulen.no/valfag-og-prosjekt/
Nordfjord Folkhøgskule is situated among the magnificent natural wonders of Western Norway on the shores of the 10km long Gloppen Fjord. This fjord stretches between mountains and valleys, south-east as an arm from the main Nordfjord, which then winds west to the Atlantic Ocean.
We offer Outdoor life as our major subject, with focus on these areas: Ski and surf Board Mountaineering and glacier Expedition Hunting and fishing Wind and Water KRIK We offer some Norwegian instruction.