– Eg trur at folkehøgskulane er drivhus som dyrkar læringslyst, skriv Claus Røynesdal, rektor på Voss folkehøgskule, i sin kommentar.
Eg må berre innrømme det. Høgdepunktet i veka er dobbelttimen i historie. Eg har «berre» ti elevar i gruppa mi, men dei har til gjengjeld vald historie som valfag, heilt av seg sjølv. Elevane går på liner som ekstremsport, idrett og friluftsliv, musikk, film og foto. Dei har eit felles ønskje om å forstå kvifor ting «skjer»; kva er drivkreftene i den historiske utviklinga? Kva er årsaka til at ein mann kan vere gift med fire kvinner i Saudi Arabia, medan det kan vere tvert motsett i Nepal?
Det er spanande å gå nærare inn i propagandastrategiane i dei store diktatura, og finne likskap i dagens samfunn. Det er frigjerande å gå utanom pensum på leit etter innsikt og forståing.
Rektor på Voss folkehøgskule, Claus Røynesdal, synes vekas høgdepunkt er dobbelttimen i historie.
På folkehøgskulen kjem vi tett på kvarandre. Variasjonen mellom elevtypane og linjefaga gir oss mange moglegheiter, nye perspektiv og fleire inngonger til motivasjon, meistring og læring. Vi kan kanskje dele elevane inn i fire grove kategoriar:
Variasjonen mellom elevtypane og linjefaga gir oss mange moglegheiter, nye perspektiv og fleire inngonger til motivasjon, meistring og læring, skriv Claus Røynesdal.
I 2015 var det 1739 elevar som svarte på ei undersøking om året på folkehøgskulen. Det viktigaste dei lærte var å vinne nye venner. Kven treng ikkje det? På andre plass svarar elevane at dei er blitt betre kjend med seg sjølv. Det tredje viktigaste dei lærte var personleg økonomi, hygiene og klesvask.
Ei god førebuing til vaksenlivet.
Av dei fire spørsmåla, scorar kategorien «fag» lågast. Truleg fordi læringa skjer i ein cocktail av ekskursjonar, studieturar, eit mangfald av læringsarenaer og sosiale aktivitetar i og utanom skulen. Det er her alkymien finn stad; læringa blir til danning. I boka «Læringskoden» (2014) skriv professor Tom Tiller: «Det var i folkehøgskolen at jeg fant læringskoden». I eit skuleslag som sidan 1864 har sett menneske sin karakter i sentrum, og der karakterane ikkje har fått nokon plass.
Les også: Tre grunner til at folkehøgskolene er så populære
Folkehøgskulane er det unike skandinaviske bidraget til verdspedagogikken. Om lag 7500 elevar går på dei 80 folkehøgskulane i Noreg. Det er over 10% av årskullet. Vi er heller ikkje ukjende med fråvær og ungdom som har vanskeleg for å stå opp om morgonen. Disiplinærsaker høyrer frå tid til annan også med.
Men år etter år er det elevane på folkehøgskulane som scorar høgst på trivsel på dei ulike skuleslaga i landet.
Dette handlar om fag, men vel så mykje om internatet som ei berebjelke: Elevane bur på skulen og må ta del i eit forpliktande fellesskap med vaksne og andre ungdomar. Her blir ungdomane kontinuerleg utfordra fagleg og sosialt, utan å bli vurdert av den vaksne. Den første telefonsamtalen heim om hausten handlar som regel ikkje om overføring av meir pengar, men kva som er skilnaden mellom eit 40 og 60 graders vaskeprogram.
Men år etter år er det elevane på folkehøgskulane som scorar høgst på trivsel på dei ulike skuleslaga i landet.
Les også: Norges mest fornøyde elever
Kanskje er folkehøgskulen så unik, at du må ha vore her for å forstå skuleslaget? Ein kan ikkje lese seg til ei slik sosialisering.
Eg trur at folkehøgskulane er drivhus som dyrkar læringslyst.
I år har vi ei jente som er femte generasjons elev på skulen. Ragnhild har høyrt om tippoldefar. Ho er oppvaksen med forteljingane til oldemor, mormor og mamma, om at året på Voss folkehøgskule var det beste i livet. Målet vårt er at ho kan ha same forteljing til neste slektsledd. For oss er dette eksempelet ei konkretisering av «læringskoden». Dette handlar om både lærings- og undervisningsglede, der kodeordet er danning.
PS: Dersom du som ungdom ikkje har planane klare for hausten, så er det framleis mogleg å finne seg ein spanande folkehøgskule. Prøv fotolinja på Fana, entreprenørskapslinja på SKAP kreative folkehøgskule i Mandal, eller sykkel, ski og friluftsliv i Sogndal. Å våge er å gjere!
Have you ever dreamed of experiencing Norway’s breathtaking nature, learning the language,…
Folkehøgskolene ruller nå ut en ny kampanje med fokus på at det…
– Hvis jeg hadde gått rett fra videregående og til studier hadde…
Mange bruker året på folkehøgskole til å tenke over hva de vil…
Etter flere år i jobb kjente Halvard Birkeland Vaarlid (22) fra Stavanger…
Folkehøgskolene har nå åpnet for søknader for skoleåret 2025/2026. Etter 15. november…
Søknadene strømmer inn til folkehøgskolene. Her er de 10 linjene som har…
Vi får mange spørsmål fra ungdommer som vurderer å søke seg på…
Flere tusen søkere gjør denne tabben når de søker folkehøgskole. Det går…
Hva er forskjeller og likheter mellom folkehøgskole og årsstudium?